Ljosland (Evje og Hornnes gnr. 129)
(Omdirigert frå Ljosland (Birkenes gnr. 129))
Hopp til navigering
Hopp til søk

Garden Ljosland ligg på norsida av Fv-42 mellom Evje og Vegusdal.
Foto: Geir Daasvatn
Ljosland (Evje og Hornnes gnr. 129) er ein gard i Vegusdal aust i Evje og Hornnes kommune. Til 31. desember 2018 høyrde han til Birkenes kommune. Garden ligg i Hovlandsdalen, langsmed Fylkesveg 42, mellom Evje og Vegusdal. Ljosland grensar i nord og aust mot Hovland, i sør mot Hovland og Hovlandsåna og i vest mot Myklebostad. Setehuset på garden blei bygd i 1885. Frå 1936 til 1952 blei det bygd om til psykiatrisk pleieheim. På det meste var det 31 pasientar her. I 1994 var det ni pasientar i pleie.
Historie
Garden blei truleg rydda i førkristen tid, som plass under Hovland. Han låg øyde etter Svartedauden, og rydda på nytt på 1600-talet.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, side 107
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder