Salbergmoen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. mai 2018 kl. 01:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjord, den tidlegare Salbergmoen, 1924.
Foto: Ukjent

Salbergmoen var det opphavelege namnet på den flate furumoen der tettstaden Byglandsfjord vaks fram då endestasjonen for Setesdalsbanen blei lagt hit. Salbergmoen høyrde til garden Vassend.

Det vaks furuskog her, slik det framleis er på andre sida av Otra. Det var nokre myrpyttar og litt grasmark. Eigarane i Vassend nytta området som beitemark. Det gjekk ein kløvveg frå Evje forbi Vassend og vidare nordover mot Neset. Frå denne var det ei avgreining gjennom skogen i Salbergmoen til Byglandsfjorden ved Senumsundet. Det budde ikkje folk i området då.

Sjå også

Kjelder

  • Reidar Tveito etter diverse muntlige kjelder på Byglandsfjord
  • Sigurd Abusdal, Or soga om Byglandsfjord, artikkel i Jol i Setesdal, 1987, side 29-32
  • Reidar Tveito, [[Ferja, brua og ny-vegen, utgjeve på eige forlag, 2018, side 3