Bjarne Tveiten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2018 kl. 23:21 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (oppdaterte litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Tveiten
Født: 19. mars 1942 (84 år)

Bjarne Tveiten (fødd 19. mars 1942) er oppvaksen i Breive i Bykle kommune. Han tok examen artium på Hornnes landsgymnas og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i Bykle og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist.

Han har vore bokmeldar i Fædrelandsvennen og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert Bykle Radio og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i Dag og Tid, Jol i Setesdal, Norsk skoleblad og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då Setesdal sogelag vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget.

Saman med Egil Torin Næsheim, Per Breivegen og Bjørnar Mørenskog medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som Egil Torin Næsheim måla for Hovden Fjellstoge. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene Underet i Breive, Somby og Eventyrleg som vart illustrert av Egil Torni Næsheim.

Han har representert Bykle SV i Bykle kommunestyre.

Bibliografi

Bøker

Artiklar