Pytten (Bygland gnr. 5 bnr. 9)
Pytten er eit nedlagt gardsbruk (gnr. 5 bnr. 9) under garden Nedre Hegland i Bygland. Pytten ligg langt inne i fjellheimen vest for Hegland, ikkje så langt nord for Langevatn i Åseral. Garden er veglaus. Det var gardsdrift her til 1952. Den siste som budde fast i Pytten var Tone Pytten, syster til dåverande eigar Torjus T. Pytten (1912-1994).
I dag er det Reidun Solveig Pytten (f. 1950) som eig Pytten. Ho er dotter av Torjus Pytten. Reidun er gift med Frank Arild Flodquist (f. 1950). Dei bur på Ljosland i Åseral.
DNT Sør si turisthytte Josephsbu ligg ved Store Hallvorsvatnet, på Pytten sin grunn. Det vart drive eigen turiststasjon i Pytten i mange år, etter at det var blitt oppført ein bygning nokre hundre meter bortforbi sjølve garden i 1912.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 439-449
- Vandringer i Setesdal Vesthei, utgjeve av Friluftsforlaget, 2008, side 92-97