Bjorå

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2017 kl. 00:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Klepp)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bjorå 281109.JPG
Bjorå-garden ligg idyllisk i landskapet ned mot Breiflå.

Bjorå er ein gard på austsida av Breiflå og Otra sør i Evje og Hornnes kommune. Mot sør grensar garden til Klepp. I nord grensar han til Rosseland. Garden ligg ved osen av Bjorå (Bjoråna). Elva har namn etter dyret bjor (bever). Seinare fekk så garden namn etter bekken. Ein reknar Bjorå for å vere ein av dei eldste gardane i Evje og Hornnes.

Under husa til J. T. Greibrokk på Bjorå vart det funne fleire vikinggraver i 1941. Det blei mellom anna funne ei stridsøks. Funna er daterte til sein vikingtid, rundt år 1000.

Ein ikkje liten del av marka til Evjemoen militærleir vart avstått frå Bjorå-garden. Mellom dei grunneigarane som selde mark til staten var ordførar i Evje kommune, Eirik Bjoraa.

På Bjorå ligg Bjorå Gartneri.

Kjelder