Hopp til innhald

Fjellestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2017 kl. 21:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fjellestad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Fjellestad er ein gard (gnr. 30) på heia vest for Moisund i Hornnes, sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Ein kjem til Fjellestad ved å følge Abusdalsvegen frp Riksveg 9 til Tønnesland, og derfrå Fjellestadvegen nordover forbi Lie til fram til garden.

Det har skjedd ei svær utbygging av fritidsbustader på Fjellestad-garden sin grunn dei siste årtidene.

Historie

Det er uvisst nøyaktig kor gamal garden er. Han er ikkje mellom dei eldste i Hornnes. Mest truleg er han rydda i tidsromet 700-1000 e.Kr. Det første kjende skriftlege spor etter garden er eit dokument i Diplomatarium Norvegicum frå 1508. Den eldste kjende brukaren heitte Ola Fjellestad. Han er nemd i skriftlege kjelder frå 1610-1619.

Kjelder