Skaret (Evje og Hornnes gnr. 17 bnr. 7)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2016 kl. 11:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skaret er eit nedlagt småbruk på Kjetså i Hornnes. Bruket blei skild ut frå Øvregarden på Kjetså i 1977. Notto Galteland skal ha bygd det første seteshuset. I 1954 bygde Jørgen Kjetså («Jøren i Skaret») nytt hus. Det er dette som står på staden i dag. Uthuset blei bygd i 1911, av Jøren og Knut Salveson Kjetså.

Henrik Wiberg og kona Sigrid Knudine Simonsen budde ei tid i Skaret. Truleg var det omkring 1908. Dei er forfedrane mellom anna til vegoppsynsmann Sigurd Wiberg i Evje og lærarinna Gunda RopstadMoisund. Gunda er kona til ordførar Bjørn Alfred Ropstad i Evje og Hornnes kommune.

Seinare, frå 1911 til 1923, budde Torborg Butveit og Svein Butveit i Skaret.

Etter familien Butveit hadde Jøren i Skaret staden. Han døydde 23. mars 1971.

John N. Kjetså i Valhall i Hornnes har eigedomen i dag.

Kjelder