Kåre Messel
| Kåre Messel | ||
|---|---|---|
| Født: | 1939 (alder 86–87) | |
Kåre Messel (fødd 1939) er pensjonert lektor. Han hadde størstedelen av yrkeslivet sitt som lærar ved Hornnes landsgymnas. Han bur i Futegarden i Hornnes saman med kona Kristi Wicklund.
Messel tok artium i 1959 og språkleg-historisk embetseksamen i 1968. Same år tok han pedagogisk eksamen. Han var lærar på Hardanger folkehøgskule 1969-1970 og lektor på Alta gymnas 1970-1976. Frå 1976 til han vart pensjonist var han lektor ved Hornnes gymnas.
Kåre Messel har saman med kona Kristi Wicklund fått Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for for god restaurering av dei gamle bygningane i Futegarden.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 506
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 355