Nesodden

Foto: Geir Daasvatn
Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen i Bygland. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som skil austbreidda av fjorden frå vestbreidda her. Midt i sundet ligg Fosskarøya. Nord for sundet ligg Urdviki.
Fornminne
På den søre spissen av odden, i vestre enden av Gullsand, ligg ei gravrøys. Ho er låg, og har ein diameter på ca. 7 meter. Plasseringa er strategisk ved innseglinga til Urdviki mot Storstraumen. På andre sida av fjorden, ved Kotedekkan på Skomedal, ligg det ei større røys.