Sørtun (Evje og Hornnes gnr. 7 bnr. 45)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. januar 2016 kl. 12:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dåsnes med den vesle tappestasjonen eingong før 1965.
Foto: Ukjend

Sørtun (Evje og Hornnes gnr 7. bnr. 45) er ein eigedom heilt sør i Dåsnes i Hornnes. Det er her Esso-stasjonen ligg i dag.

Historie

Gunvald O. Abusdal dreiv landhandel på Byglandsfjord nokre år. Seinare var han i butikken til Torgeir G. Abusdal i Dåsnes, som han var i slektskap med. Gunvald skal ha stått i same jobben i 57 år.

I 1916 kjøpte han eigedomen Nedre Dåsnes. Det var på denne eigedomen dei første husa i Dåsnes hadde blitt sett opp. Han bygde på dei gamle husa så dei blei høgare. I 1923 selde han husa og halve eigedomen. Sjølv bygde han seg nye hus på det jordstykket han heldt igjen i handelen, Sørtun. Denne nye eigedomen låg om lag 100 meter lenger sør i Dåsnes. På denne eigedomen vart det ca 1934 bygd ein liten bensinstasjon. Sonen Åsmund Abusdal overtok denne rundt 1950. Etter Åsmund igjen var det bornebornet Gunvald Abusdal som stod for drifta i mange år. I dag har den vesle tappestasjonen på Sørtun altså blitt til den svære Esso-stasjonen.

Kjelder