Nomeland (Valle gnr 47)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2016 kl. 18:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nomeland (gnr. 47) er ein gard i Valle. Han ligg på vestsida av Otra, under Nomelandsfjellet, nord for Steinsland og sør for Dale. Gjennom garden frå sør til nord går Fylkesveg 331 (Strondevegen). I nordenden av garden har det i årtider vore hengebru, ein snarveg, over Prestefossen til Sagneskar på austsida av Otra. I 2007 synte det seg at brua var i så dårleg stand at ho måtte stengjast. Ny bru kjem vonaleg opp i 2016.

Historie

Det er gjort mange arkeologiske funn på garden. Det er gjort gravfunn både frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.) og yngre jernalder (600-1050 e.Kr.). Det er også to gravhaugar på garden. Den største er 3-4 meter høg og med eit tverrmål på omlag 25 meter. Han er den største som er kjend i Valle. Det har såleis vore folk på garden lenge, kanskje alt frå folkevandringstida.

Nomelandskyrkja

Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på Rygnestad i andre halvdelen av 1500-talet.

Kjelder