Sandane
Sandane er ein stad i Flatebygd, langs Gautestadvegen mellom gardane Austerhus og Åvesland, i vestre enden av Åveslandsmyra, nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Den gamle Futevegen kom forbi Sandane, der han dreide sørover forbi Kongevadheia og Duestein og til garden Undeland. Herfrå gikk vegen vidare gjennom Vegusdal til Herefoss.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 259