Håtveit

Håtveit er ein gard (gnr. 68) aust i Evje og Hornnes kommune, omlag 13 kilometer aust for Evje sentrum. Mot vest grensar garden mot Kleveland, mot aust mot Lislevand. Det går ein bratt, men fin skogsbilveg (bomveg) fram til garden frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen]. Det er ikkje fast busetnad på garden lenger. Men husa på garden er haldne i god stand, og eigedomen er i bruk som fritidsbustad. Drosefjellet ligg på Håtveit-grunn.
Håtveitfossen i Håtveitåna, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet, høyrde til Håtveit-garden. Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved denne fossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdskrigen. På slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida.
Kjelder
- Søk på Håtveitfossen på Kulturminnesøk.no
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 96