Hopp til innhald

Alv Halland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. mai 2015 kl. 14:23 av Helland (diskusjon | bidrag)
Alv Halland
Født: 2. februar 1903
Død: 28. august 1981 (78 år)

Alv Halland var fødd i Hornnes 2. februar 1903 og døydde 28. august 1981. Han var ein evnerik gut, og gjekk ut frå engelsklina ved Hornnes landsgymnas i 1926. Men han såg seg ikkje råd med vidare studier. I staden overtok han stillinga som gravar og kyrkjetenar i Hornnes kyrkje som faren Notto Halland hadde hatt til han døydde i 1942. Elles arbeidde han som skogsarbeidar, mest i statsskogane i bygda.

Då faren døydd i 1942 overtok Alv Halland også småbruket Birkåsen etter han. Alv og systera Torborg Halland (født 1900 og død 1979) vart dei siste fastbuande på den lille garden.

Heider

  • Norges Vel`s medalje 1962 som påskjøning for arbeidet i statsskogane

Kjelder