Hopp til innhald

Setesdal sogelag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2014 kl. 10:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om planar om årsskrift i 2015)
Bjarne Tveiten vart vald til leiar i 2013

Setesdal sogelag vart stifta i eit møte på Setesdalsmuseet onsdag 10. april 2013. I styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og Astri Rysstad har teke på seg rollen som sekretær.

I mars 2015 vil det nye sogelaget gje ut sitt første årsskrift. Redaktør for bladet er Andres Helle. Målet er å lage eit årsskrift med ei fin blanding av nytt og gamalt. Blant mange bidragsytarar i den første utgåva er Bjarne Tveiten, som skal ta for seg tamreinhistorien. Reidar Tveito skal sjå på slektsgransking gjennom Facebook. Det kjem dikt og tekstar av Knut K. Homme og utdrag frå "Gard og ætt"/Nordbygdi av Olav M. Holen. Rosinen i pylsa blir illustrasjonar av biletkunstnaren Hans Georg Kohler.

Kjelde