Haugen (Evje og Hornnes gnr. 15/10 mfl.)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2014 kl. 11:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes-garden. Bustaden og uthusa i Haugen er til høgre i biletet.

Haugen er eit gardsbruk (gnr. 15, bnr. 10 m.fl] under Hornnes (garden) i Evje og Hornnes kommune. Haugen ligg som namnet syner på eit lite høgdedrag noko sør-vest for Hornnes kyrkje.

Hornnes-garden er truleg mellom dei eldste i Setesdal. Haugen vart eige bruk ca. 1650. Ola N. Hornnes (fødd ca. 1604) var den første eigaren. Han var son til lensmann Notto S. Hornnes og Mari Hornnes. Ein yngre bror til Ola, Salve N. Hornnes, fekk den andre delen av garden, Lunnen.

Postopneriet i Hornnes var i Haugen frå 1865 til 1928. Postopnarar i desse åra var først John N. Hornnes og etter han sonen Notto J. Hornnes.

Kjelder