Flåt nikkelgruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. november 2014 kl. 09:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten språkvask)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei sjakt i Flåt nikkelgruve

Flåt gruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Ho vart etablert i 1844, då som koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Evje Nikkelverk AS formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt gruve den største nikkelgruva i Nord-Europa. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.

Drifta fall i tre periodar:

  • 1. periode: 1872-1894
  • 2. periode: 1899-1920
  • 3. periode: 1927-1946

Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. 18 menneskje omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.

Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt gruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem å grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.

Sjå også

Olav Arne Kleveland har skrive utfyllande om gruvedrifta i heftet Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk.

Kjelder