Evje og Hornnes bygdeboknemnd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. oktober 2014 kl. 08:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utf. oppl.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje og Hornnes bygdeboknemd står bak utgjevnaden av Kultursoge for Evje og Hornnes i to band (1990 og 2003). Sist på 1980-talet, før første band kom ut, var desse med i nemda: Gunnar Østerhus, Anna Galteland, Alf Georg Kjetså og Bernt Gautestad.

Bygdeboknemda arbeider i dag med å få gitt ut ei gards- og ættesoge for Evje. Tidlegare finst ei slik gards- og ættesoge bare for Hornnes (Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven 1969). Engasjerte personar lokalt, politisk og administrativt, har jobba lenge for å få til eit prosjekt som det er mogeleg å gjennomføre. Det har dei no klart. Det er håp om at verket kan vere ferdig nokre få år fram i tid.

Ådne Fardal Klev er frå hausten 2012 tilsatt for å skrive boka. Klev er forfattar og bonde frå Lyngdal. Han har formell utdanning innafor historie og har gitt ut 12 lokalhistoriske bøker, mellom desse to bygdebøker.

Leiarar i nemda

Kjelder

Ekstern lenke

Om Ådne Fardal Klev på kommunen si heimeside