Flåtfjellet gruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. oktober 2014 kl. 20:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt utf oppl om oppstarten)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Flåtfjellet feltspatbrot Evje 191213 (2).JPG
Feltspatbrotet i Flåtfjellet er i dag fylt med vatn. Foto: Geir Daasvatn

Flåtfjellet gruve var ei feltspat- og kvartsgruve ca. 1 kilometer nedanfor Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje, attmed nedre slamdeponiet på sida mot Tveit-grenda, og berre 100 meter frå Tveitgruva.

Dei som dreiv Flåt nikkelgruve trengte kvarts i smelteprosessen. Dette fant dei i Flåtfjellet. Men det synte seg at gruva hadde meir feltspat enn kvarts. Året etter at Setesdalbanen kom i drift (1897) blei det første lasset med feltspat sendt avgårde til Kristiansand.

Norsk Feltspat Co starta opp drift etter feltspat i Flåtfjellet i 1913. Som følge av 1. verdskrigen var det lite drift her i tida fram mot 1918-1920. Men etter dette kom det stordrift i Flåtfjellet. På 1920-talet var dette den største gruva i Evje. Det var opptil 15-20 arbeidarar fordelt på to skift, og skeidehus der kvinner sorterte feltspaten. Gruva fekk straum til vasspumpe, knuseverk og heis. Det kunne gå 15-20 hestar med feltspatlass til jarnbanestasjonen i Evje. Kvart år vart det drive ut 4000-5000 tonn feltspat. Samla har det i Flåtfjellet blitt tatt ut 70000 tonn feltspat og mykje kvarts.

Gruva stogga då flotasjonsslam frå nikkelgruva rann inn der i 1942.

Kjelder