Flåtfjellet gruve

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Feltspatbrotet i Flåtfjellet er i dag fylt med vatn. Foto: Geir Daasvatn

Flåtfjellet gruve var ei feltspat- og kvartsgruve om lag 1 kilometer nedanfor Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje, attmed nedre slamdeponiet på sida mot Tveit-grenda, og berre 100 meter frå Tveitgruva.

Dei som dreiv Flåt nikkelgruve trengte kvarts i smelteprosessen. Dette fant dei i Flåtfjellet. Men det synte seg at gruva hadde meir feltspat enn kvarts. I 1897, året etter at Setesdalsbanen kom i drift, blei det første lasset med feltspat sendt avgårde til Kristiansand.

Norsk Feltspat Co starta opp drift etter feltspat i Flåtfjellet i 1913. Som følge av 1. verdskrigen var det lite drift her i tida fram mot 1918-1920. Men etter dette kom det stordrift i Flåtfjellet. På 1920-talet var dette den største gruva i Evje. Det var opptil 15-20 arbeidarar fordelt på to skift, og skeidehus der kvinner sorterte feltspaten. Gruva fekk straum til vasspumpe, knuseverk og heis. Det kunne gå 15-20 hestar med feltspatlass til jarnbanestasjonen i Evje. Kvart år vart det drive ut 4000-5000 tonn feltspat. Samla har det i Flåtfjellet blitt tatt ut 70000 tonn feltspat og mykje kvarts.

Gruva stogga då flotasjonsslam frå Nedre slamdam rann inn der under 2. verdskrigen.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...