Hopp til innhald

Alv Halland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. september 2014 kl. 20:31 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (en feil)

Alv Halland var fødd i Hornnes 2. februar 1903 og døydde i 1981. Han var ein evnerik gut, og gjekk ut frå engelsklina ved Hornnes landsgymnas i 1926. Men han såg seg ikkje råd med vidare studier. I staden overtok han stillinga som gravar og kyrkjetenar i Hornnes kyrkje som faren Notto Halland hadde hatt til han døydde i 1942. Elles arbeidde han som skogsarbeidar, mest i statsskogane i bygda.

Då faren døydd i 1942 overtok Alv Halland også småbruket Birkåsen etter han. Alv og systera Torborg Halland (født 1900 og død 1979) vart dei siste fastbuande på den lille garden.

Heider

  • Norges Vel`s medalje 1962 som påskjøning for arbeidet i statsskogane

Kjelder