Bjarne Tveiten
| Bjarne Tveiten | ||
|---|---|---|
Foto: Reidar Tveito
| ||
| Født: | 19. mars 1942 (84 år) | |
Bjarne Tveiten (fødd 19. mars 1942) er oppvaksen i Breive i Bykle kommune. Han tok examen artium på Hornnes landsgymnas og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i Bykle og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist.
Han har vore bokmeldar i Fædrelandsvennen og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert Bykle Radio og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i Dag og Tid, Jol i Setesdal, Norsk skoleblad og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då Setesdal sogelag vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget.
Saman med Egil Torin Næsheim, Per Breivegen og Bjørnar Mørenskog medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som Egil Torin Næsheim måla for Hovden Fjellstoge. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene Underet i Breive, Somby og Eventyrleg som vart illustrert av Egil Torin Næsheim.
Han har representert Bykle SV i Bykle kommunestyre.
Bibliografi
Bøker
- Underet i Breive 2006 ISBN 82-997447-0-9
- Somby 2007
- Eventyrleg 2009
- Bykle Idrettslag 50 år 1997
Artiklar
- Vatnedalen Jol i Setesdal 2007
- Eivind Torgrimsen Hovden Jol i Setesdal 2006
- Ei lita soge frå 50-talet i Breive Jol i Setesdal 1997
- Herr førti er førti i tidsskriftet Syn og Segn i 1986