Iveland - Evje amfibolitten
Iveland - Evje amfibolitten er ei størkna smeltemasse av gabbrosamansetning, ein stor bergkropp, som ligg i Iveland og Evje. Området har senter i Øvre Iveland og strekk seg austover til Belland i Birkenes. Vestover ligg grensa om lag tre km frå Otra. Bergkroppen har ein vreng nordover til Gautestad i Evje og mot sør til Iveland jernbanestasjon. Området er såleis rundt 35 km langt og 10-15 km breitt. Geolog T. F. W. Barth var den første som oppdaga steinkroppen, og gav han namnet «Iveland - Evje amfibolitten».
I området er det ei stor mengde med pegmatittgangar. Pegmatitten er internasjonalt kjent for eit høgt innhald av ulike mineral, ofte i store krystallar. Fleire stadar i amfibolitten finst det òg malmsoner med sulfider av jern, kobber og nikkel. Amfibolitt-beltet og pegmatitt-gangane gav grunnlag for den store gruvedriften i Flåt nikkelgruve og eit stort antall feltspat- og kvartsgruver som var i drift i Evje og Iveland frå slutten av 1800-tallet og framover på heile 1900-talet.
Kjelder
- Iveland V. Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 23