Iveland - Evje amfibolitten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Iveland - Evje amfibolitten (også kalt Evje - Iveland området) er ei størkna smeltemasse av gabbrosamansetning, ein stor bergkropp, som ligg i Iveland og Evje. Området har senter i Øvre Iveland og strekk seg austover til Belland i Birkenes. Vestover ligg grensa om lag tre km frå Otra. Bergkroppen har ein vreng nordover til Gautestad i Evje og mot sør til Iveland jernbanestasjon. Området er såleis rundt 35 km langt og 10-15 km breitt. Geolog Tom F. W. Barth var den første som oppdaga steinkroppen, og gav han namnet «Iveland - Evje amfibolitten».

I området er det ei stor mengde med pegmatittgangar. Pegmatitten er internasjonalt kjent for eit høgt innhald av ulike mineral, ofte i store krystallar. Fleire stadar i amfibolitten finst det òg malmsoner med sulfider av jern, kobber og nikkel. Amfibolitt-beltet og pegmatitt-gangane gav grunnlag for den store gruvedrifta i Flåt nikkelgruve og eit stort antall feltspat- og kvartsgruver som var i drift i Evje og Iveland frå slutten av 1800-talet og framover på heile 1900-talet. Det er talt opp omkring 300 feltspatbrudd i Iveland - Evje amfibolitten. 220 av desse ligg i Iveland.

Kjelder[rediger]