Pegmatitt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Landsverk 1-gruva er ein pegmatitt, kanskje den best kjente, i Evje og Hornnes.
Varmedokka gruveMølland i Iveland. Gruva ligg typisk heilt oppe i toppen av ein fjellknaus som stikk opp over terrenget rundt.
Foto: Geir Daasvatn

Pegmatitt er ein grovkorna, magmatisk bergart. Storleiken på korna varierer frå nokre centimeter til meir enn ti meter i diameter eller lengde i dei mest ekstreme tilfella.

Eit fleirtal av alle pegmatittar har ei granittisk samansetning med feltspat, kvarts og glimmer som hovudminerala. Det finnast også andre typar pegmatittar, men i Iveland - Evje amfibolitten er det kun granittpegmatittar.

«Pegmatitt» kjem av gresk pegma som tyder binding, nettverk.

Pegmatitten i Evje - Iveland[rediger]

Geologar mener det tok titusener av år for pegmatittane i Evje - Iveland å krystallisere. Dei blei danna på eit djup av 12-15 km nede i jordskorpa, der det var svært varmt og krystalliseringa tok lang tid.

Mange av dei høgaste fjelltoppane og bergryggane i Iveland er av dette bleike pegmatittfjellet. Kvarts-feltspatblandinga som desse toppene består av er ein hard og motstandsdyktig steintype, langt sterkare enn den mørke amfibolitten. Under den siste istida, for meir enn 10 000 år sidan, skrapte isbreane mot fjellgrunnen, og dei harde pegmatittane blei mindre slitne ned enn den sprøare amfibolitten rundt.

Kjelder[rediger]