Sagneskar

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. oktober 2017 kl. 21:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Boneifura før anna vegetasjon kom rundt henne.
Foto: Wilse 1934

Sagneskar er ein gard (gnr. 41) i Valle like nord for Valle kyrkje. Han ligg i det som etterkvart har vorte sentrum i Valle, saman med Kjelleberg. Kommunehuset i Valle ligg på Sagneskar sin grunn. Garden har fire bruk.

Historie

Likt med nabogarden Kjelleberg reknar ein med at Sagneskar heilt visst fanst alt i tida før Svartedauen. Men garden høyrer nok ikkje med mellom dei aller eldste i Valle.[1]

Sagneskar hadde støylane sine i Finndalen (Neiretjønn og Bølet), på Midtfjøddi og i Stavedalen. På grensa mot Ramsvatn i Fyresdal låg Krokestøyl, som truleg vart brukt for lenge sidan. Det same skal gjelde Vøylestøylen på Midtfjøddi. Kvernhusa på garden stod i Vikebekk.[2]

Stadnamn i Sagneskar

I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad åtte stadnamn frå innmarka og tre frå utmarka.

Innmark

  • Bonefura
  • Leikvollen
  • Linåkeren
  • Pilene
  • Ryningen
  • Skardåkeren
  • Skeidvollen
  • Stigandshella

Utmark

  • Auvershage
  • Hjelle
  • Nedretjørn

Litteratur

Referansar

<references>

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 475
  2. Valle IV, side 479