Hedde

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2017 kl. 09:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Helle Hylestad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Helle er ein gard (gnr. 71) og ei lita grend på vestsida av Otra, mellom Besteland i sør og Rysstad i nord]], i Hylestad i Valle kommune. På andre sida av Otra ligg Straume. Helle, Straume og Besteland utgjer grendelaget Treungen.

På Helle ligg Helle Camping. Herfrå vert det arrangert klatreturar i Straumsfjødd på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. Riksveg 9 Besteland - Helle er planlagt utbetra i 2018.

Historie

Helle er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, visstnok ei holøks av flint, på garden sitt område. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore Rysstads mark.

Kjelder