Hopp til innhald

Myglevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. oktober 2015 kl. 11:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vatnet)
Myglevatn sett frå nord mot sør. Utfallsosen til Kosåna i framgrunnen. I andre enden av vatnet er ein over i Marnardal kommune.

Myglevatn er eit vatn i Kosånavassdraget på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes, på grensa mot Marnardal i Vest-Agder. Rundt halvparten av vatnet ligg i nabokommunen og nabofylket. Vatnet er om lag 0,8 kvadratkilometer stort, og ligg 255 moh. Nord for Myglevatn ligg Øyvatnet, og på den korte vegen fra Øyvatnet til Myglevatn kastar Kosåna seg utføre Myglefossen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.

Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå Roland i Bjelland.

Historie

Det er funne minst tre steinalderlokalitetar/buplassar ved Myglevatn, og mange fleire lenger nordover i Kosånavassdraget. Her var det altså eit folkeliv å rekne med alt for 4-5000 år sidan. Funna frå steinalderen langs Kosånavassdraget er mellom dei eldste i Evje og Hornnes.

Kjelder

Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 24 og 31

Kart

Laster kart ...