Setesdølen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. januar 2017 kl. 18:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med nye utgjevingsdagar frå 19. januar 2017)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lokala på Bygland
foto:Siri Johannessen
Sigurd Haugsgjerd i arbeid.
foto:Siri Johannessen

Setesdølen er ei avis som har kome ut i Bygland sidan 1975. Avisa har kome ut tysdag og fredag. Men frå 19. januar 2017 kjem ho ut tysdag og torsdag.[1] Avisa vert redigert på nynorsk. Redaktør er Sigurd Haugsgjerd, som også er den største private eigaren. Han har vore redaktør det meste av tida, men i ein periode då han hadde permisjon for å arbeide i NRK, delte Paal Vollen og Bjørn Mikal Lothe oppgåva som bladstyrar.[2]

Kommunane i Setesdal eig 49% og private eig 51% av avisa. Avisa er spesiell ved at den har over 100% dekning i utgjevingskommunen.

Avisa speglar politikk, kulturliv og næringsliv i Setesdal og dei indre bygder på Agder. At avisa framleis har opplagsauke sjølv om den har opp mot 100% dekning i Setesdal, trur redaktør Sigurd Haugsgjerd kan skuldast at fleire hyttefolk abonnerer på avisa eller kjøper henne. Dei vil fylgje med i det som skjer i området der hytta ligg.

Redaktørar

Journalistar

Setesdølen har hatt ei rekke journalistar i si teneste.

Opplag

  • 2006: 4 618 [3]
  • 2007: 4 618 [4]
  • 2009: 4 724

Sjå også

Ekstern lenke

Referansar

  1. Setesdølen kjem ut på torsdagar, kunngjering i Setesdølen nr. 3, 2017, side 1
  2. Sigurd Haugsgjerd: Bjørn Mikal Lothe til minne. Minneord i Setesdølen 5. mai 2009 side 2.
  3. «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
  4. «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008