Langevatn molybdengruve
Langevatn molybdengruve var ei gruve drifta på molybdenførekomsten ved Langevatn i fjellet vest for Breive på Hovden. Gruva var i drift frå 1910/1911-1913, ved eit tysk gruveselskap som hadde leigd driftsrettane av Kobbernutens IS. Seinare, omkring våren 1918, sette Kobbernutens IS sjølv i gang med gruvedrift her. Men i november 1918 var 1. verdskrigen slutt. Molybden brukast mellom anna i våpenproduksjon, og var ikkje lenger like etterspurt. Drifta stansa igjen ganske snøgt.
Mellom dei som arbeidde i molybdengruva ved Langevatn var den tidlegare driftsstyraren på Evje nikkelverk, Gudbrand Henriksen.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 107-114