Nesodden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. oktober 2016 kl. 13:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Nesodden Bygland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen i Bygland. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som skil austbreidda av fjorden frå vestbreidda her. Midt i sundet ligg Fosskarøya. Nord for sundet ligg Urdviki.

Fornminne

På den søre spissen av odden, i vestre enden av Gullsand, ligg ei gravrøys. Ho er låg, og har ein diameter på ca. 7 meter. Plasseringa er strategisk ved innseglinga til Urdviki mot Storstraumen. På andre sida av fjorden, ved KotedekkanSkomedal, ligg det ei større røys.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker