Kongevegen
Kongevegen, «Utskyldsvegen»[1], er ein administrasjonsveg som skal ha gått frå Stavanger til Arendals-området på 800-talet e.Kr. I vårt distrikt skal vegen ha gått gjennom Iveland og vidare austover gjennom Vegusdal.
Bakgrunn
Riksantikvar Asgaut Steinnes meiner i avhandlinga Utskyld frå 1953[2] at det skal ha eksistert eit sør-vestnorsk rike rundt år 800 eller først på 800-talet. Gjennom dette riket skal det ha gått ein administrasjonsveg mellom utskyldsgardane (kongens gods).[3] Dei to lokalhistorikarane Aslak Fjermedal frå Iveland og Paul Setane frå Vegusdal gjekk opp og kartla vegen nærare i åra 1959-1968.[4]
Nærare om vegtraséen
Kile i Hægeland var utskyldsgard ifølge Steinnes. Det ligg då nær å tru at vegen gjekk vidare nordover på Kilefjorden med båt. På austsida av Otra tok han truleg opp ein av Grosås-dalene, gjekk forbi garden Grosås, over Kongevaet og vidare til garden Nateland.[5]
Referansar
<references>
- ↑ Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, artikkel i Jol i Setesdal 2010, side 7
- ↑ Asgaut Steinnes, Utskyld, Historisk Tidsskrift, hefte 4, 1953
- ↑ Unni Setane Engesland og Helene Setane, Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 164
- ↑ Vegusdal - Kultursoge, side 165
- ↑ Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 118