Kongevegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Skreros i Vegusdal ligg i eit eldgamalt kulturlandskap. I framgrunnen av biletet ser ein nokre av dei 12 gravhaugane frå folkevandringstida som ligg på garden. Kongevegen gjekk forbi denne garden og vidare nordover på vestsida av Lølandsfjorden i Ogge.

Kongevegen, «Utskyldsvegen»[1], er ein administrasjonsveg som skal ha gått frå Stavanger til Arendals-området på 800-talet e.Kr. I vårt distrikt skal vegen ha gått gjennom Iveland og vidare austover gjennom Vegusdal.

Bakgrunn

Riksantikvar Asgaut Steinnes meiner i avhandlinga Utskyld frå 1953[2] at det skal ha eksistert eit sør-vestnorsk rike rundt år 800 eller først på 800-talet. Gjennom dette riket skal det ha gått ein administrasjonsveg mellom utskyldsgardane (kongens gods).[3] Dei to lokalhistorikarane Aslak Fjermedal frå Iveland og Paul Setane frå Vegusdal gjekk opp og kartla vegen nærare i åra 1959-1968.[4]

Nærare om vegtraséen

Kile i Hægeland var utskyldsgard ifølge Steinnes. Det ligg då nær å tru at vegen gjekk vidare nordover på Kilefjorden med båt. På austsida av Otra tok han truleg opp ein av Grosås-dalene, gjekk forbi garden Grosås, over Kongevaet og vidare til garden Nateland.[5]

Når ein kom frå Nateland mot Birketveit og Iveland kyrkje, gjekk vegen over Kyrkjemyra. Her kan ein finne dei første spora etter vegen om ein leiter godt. Litt nede i myra er det hellelegging og elles eit vegdekke av grus og småstein. Etter Kyrkjemyra forsvinn spora, og ein finn dei ikkje igjen før ved Jobremyr ca 1 kilometer sør-aust for Iveland.[6]

Referansar

  1. Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, artikkel i Jol i Setesdal 2010, side 7
  2. Asgaut Steinnes, Utskyld, Historisk Tidsskrift, hefte 4, 1953
  3. Unni Setane Engesland og Helene Setane, Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 164
  4. Vegusdal - Kultursoge, side 165
  5. Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 118
  6. Iveland II - Kultursoge, side 120