Kinovegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juli 2015 kl. 16:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til Evje kino)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kinovegen er eit lite vegstykke langs austre breidda av Otra i Evje sentrum. Vegen tek til frå Fennefossvegen ved Birkelandsbrua. Han går sørover forbi dei to store bustadbygga Grandtunet og Elvegården, parallelt med Riksveg 9 (Setesdalsvegen), og vidare forbi Setesdalstrykk og Furuly flerbrukshus før han treff VerksvegenVerksmoen. Vegen er stengd for gjennomkøyring.

Det var i området der Kinovegen går i dag den første busetnaden i Evje tettstad tok til å utvikle seg. Her låg mellom anna den første butikken til Brødrene Gullestad. Her låg også i mange år Evje kino.

Kart

Laster kart...