Hopp til innhald

Kjøpmannsgata

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2014 kl. 15:35 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Meir fakta)

Kjøpmannsgata går midt i gamlebygda på Byglandsfjord. Ein del kallar også gata for Midtgata. Denne gata er litt smalare enn dei andre, og brøyting kunne vera vrient før ein tok i bruk traktor til slikt. Gata går i retning nord-sør, og ligg parallelt mellom Riksveg 9 og Birkelands gate. Tek til i nord frå Vassendgata og endar mot Hampefjell i søraust.

Historie

Kjøpmannsgata skal opphaveleg ha heitt Kaupmandsgade. Det var kristiansandsmannen Albert Olsen som regulerte denne og 4 andre gater i det området han ville kalla Albertstad, seinare kalla for Musemonen. Det skal ha vore interesse mellom bygdas fyrste handelsfolk for å sikra seg tomt langs denne gata. Dei såg vel føre seg at dette ville verta bygdas villastrok på ein måte. Så har Albert Olsen blanda saman mål frå Setesdal og Kristiansand til Kaupmandsgade. Men det vart husvære for vanlege folk som kom langs gata, dei fleste etter at andre verdskrigen var over. Med tida vart Kaupmandsgade til Kjøpmannsgata. Gata har bygdas to einaste 4-gatekryss der berre krysset med Nutensgate er i dagleg bruk.

Kjelde