Nutensgate

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nutensgate peikar opp mot Årdalsnuten/knapen. Nutensbakken og Riksveg 9 i bakgrunnen. Tidlegare Setesdal Bilruter til venstre.
Nutensgate sett mot vest i krysset med Kjøpmannsgata.
Foto: Reidar Tveito
Nutensgate er teikna med raud strek.

Nutensgate er ei parallellgate til VassendgataByglandsfjord, og går frå riksveg 9, kryssar Kjøpmannsgata og endar i Birkelands gate ved den tidlegare verkstaden til Setesdal bilruter.

Historie

Namnet Nutensgate kjem naturleg av at gata endar opp i ein bakke opp mot riksveg 9, og såleis peikar mot Årdalsnuten, eller Årdalsknapen som fjellet nå heiter. Då den flate delen av gata vart anlagt, før 1918 av Albert Olsen, så har nok namnet vore Nudensgade med blaude Kristiansands-konsonantar. Gata kryssar Kjøpmannsgata, og her må ein sjå seg litt føre for å ikkje enda med bulka skjerm. Dette er einaste staden gatekryssa har ein viss likskap med gatene i Kvadraturen i Kristiansand, som har vore mønster for reguleringa. Austre delen opp mot Setesdalsvegen heiter Nutensbakken. Denne bakken var lenge berre eit tråkk opp mot hovudvegen, men i 1949-50 vart også denne delen opparbeidd og jamna ut til slik det har vore seinare.

Kjelder