Hopp til innhald

Kleven

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. september 2014 kl. 11:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til at plassen ligger i Hornnes)
Kleven hausten 2014. Foto: Geir Daasvatn

Kleven er eit lite småbruk (gnr. 11 bnr 3) under garden Øvre Dåsvatn øvst oppe i Dåsvannsdalen i Hornnes, rett aust for fylkesvegen til Åseral i botnen av Linndalen.

Kleven blei rydda og bygsla i 1840 av Notto Torson Uleberg. Han budde i Kleven til 1861. Om det budde folk på garden fra 1861 til 1880-åra er ukjend.

I 1883 kjøpte Søren Kristenson Steinsland bruket av Morten Aslakson, som eigde nabobruket Rota. Steinsland selde bruket vidare til Tomas Johnson Dåsvatn i 1891. Sonen, John T. Dåsvatn, overtok bruket etter far sin. Han var gift med Anna S. Ose frå Ose i Setesdal. Dotter til John og Anna, Torborg Uleberg, og svigersonen Søren T. Uleberg, overtok bruket etter John og Anna. I dag er det Torgeir Uleberg, son til Torborg og Søren, som eig og driv bruket.

Kjelder