Kjetså
Utsjånad
Kjetså er ein gard og ei lita grend vest for Voilan og Breiflå i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Nabogarden vestover er Tveit i Hornnes og austover Hornnes (garden). Ein må gå ut frå at Kjetså opprinneleg bare var ein gard. Men i dei siste århundra er Kjetså nemd som Nedre Kjetså - Neregarden (gardsnr. 16) og Øvre Kjetså - Øvregarden (gardsnr. 17).
Gjennom Kjetså går riksvegen i austleg retning til Evje og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn også Kjetsåna, eller Tveiteåna som ho vert kalla lenger vestover mot Tveit i Hornnes.
Bruka på Nedre Kjetså - Neregarden
- Der Inne, vest (bnr. 1)
- Der Inne, aust (bnr. 3)
- Nymonen (bnr. 2)
- Kjetsåmonen (bnr. 5)
- Prestegarden i Voilestø
- Tårålsplassen
- Breistøl
- Nere-plassen
- Ommunds plass
- Hagan i Birkåsen
- Fjellheim (bnr. 15)
- Breitun (bnr. 16)
- Høgemo (bnr. 17)
- Kvekemo (bnr. 18)
Bruka på Øvre Kjetså - Øvregarden
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969