Der nede (Uppstad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. april 2026 kl. 06:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Den Gamle Gaard)
Hopp til navigering Hopp til søk

Der nede er eit gardsbruk (Valle gnr. 60 bnr. 3) på Uppstad i Hylestad i Valle kommune. Bruket kom til då heile Uppstadgarden blei delt ein gong før år 1600.

«Setesdalskjempa» Bjørgulv Eivindsson Uppstad vaks opp på Der nede medan faren Eivind Tarjeisson Nomeland eigde bruket. Dei gamle husa blei selde midt på 1960-talet og er i dag (2026) på Hovden (Den Gamle Gaard).

Såvi Olsson Uppstad (f. 1913) på bnr. 19 på Uppstad fekk heimelen til Der nede i 1963. Han dreiv dei to eigedomane i saman.

Kjelder

Kart