Setesdølen

foto:Siri Johannessen

foto:Siri Johannessen
Setesdølen er ei avis som har kome ut i Bygland sidan 1975. Avisa har kome ut tysdag og fredag. Men frå 19. januar 2017 kjem ho ut tysdag og torsdag.[1] Avisa vert redigert på nynorsk. Redaktør er Sigurd Haugsgjerd, som også er den største private eigaren. Han har vore redaktør det meste av tida, men i ein periode då han hadde permisjon for å arbeide i NRK, delte Paal Vollen og Bjørn Mikal Lothe oppgåva som bladstyrar.[2]
Kommunane i Setesdal eig 49% og private eig 51% av avisa. Avisa er spesiell ved at den har over 100% dekning i utgjevingskommunen.
Avisa speglar politikk, kulturliv og næringsliv i Setesdal og dei indre bygder på Agder. At avisa framleis har opplagsauke sjølv om den har opp mot 100% dekning i Setesdal, trur redaktør Sigurd Haugsgjerd kan skuldast at fleire hyttefolk abonnerer på avisa eller kjøper henne. Dei vil fylgje med i det som skjer i området der hytta ligg.
Redaktørar
- 1974–1975: Helge Arild Bolstad
- 1976–1976: Paal Vollen
- 1976– no: Sigurd Haugsgjerd
Journalistar
Setesdølen har hatt ei rekke journalistar i si teneste.
- Ole Birger Lien til mai 2010, og frå 15. mars 2011
- Helene Horverak frå august 2010 til august 2011
- Sigbjørn Høidalen
- Ole Aa. Brattfjord
- Olav Åsen Haugsgjerd - sommarvikar
- Ørjan Hatteberg
Opplag
Sjå også
Ekstern lenke
Referansar
- ↑ Setesdølen kjem ut på torsdagar, kunngjering i Setesdølen nr. 3, 2017, side 1
- ↑ Sigurd Haugsgjerd: Bjørn Mikal Lothe til minne. Minneord i Setesdølen 5. mai 2009 side 2.
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008