Birgit Rike Lund
| Birgit Rike Lund | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. august 1925 | |
| Død: | 2. mai 2022 (96 år) | |
Birgit Rike Lund (fødd 1925 i Valle, død 2. mai 2022) er kvedar. Ho budde på Vanse i Farsund kommune frå 1952, men flutte attende til Valle i 2018. Heile tida har ho halde ved like songen ho fekk med seg frå barneåra heime i Valle. Ho var på støylen og nytta dei gamle melodiane i det daglege arbeidet. Ho lærte mykje av godfaren sin, Kjetil O. Rike, som budde i den eine stova på garden og songe religiøse folketonar. Birgit hadde ei stevbok der ho samla dei steva ho høyrde. I 1948 forlova ho seg med handelsbetjent Jon Lund, son til Søren Lund, og i 1950 gifta dei seg i Valle kyrkje.
Syskena Rike var ofte rundt og spela og song, både i heimbygda og rundt om på Agder. Sjølv har Birgit etter kvart «vore med på ei rekkje konsertar både i Noreg og i Amerika, ho har delteke i radioprogram og på kappleikar, der ho oftast har plassert seg heilt i toppen av premielistene. I seinare år har ho vore mykje nytta som kurslærar, og sidan 1992 har ho vore knytt til Ole Bull Akakdemiet som lærar i vokal folkemusikk. I tillegg til musikken har ho vore mykje oppteken av gamle mattradisjonar og handarbeidsteknikkar innan strikking, saum og vev, og har vorte mykje nytta som lærar innan desse områda.» (Gunnar Stubseid)
Under landskappleiken på Gjøvik i 2003 vart ho utnemnd til heiderslagmedlem i Landslaget for spelemenn. Saman med broren Kjetil Rike blei ho tildelt Valle kommune sin kulturpris 17. mai 2015 for heilhjerta kulturformidling livet igjennom.
Diskografi
- Med rosur raude Ole Bull Akademiet 1998
Kjelder
- Prat med Birgit Rike Lund 28. juni 2019, Siri J.
- Sigurd Haugsgjerd, Ei vakker røyst har tagna, artikkel i Setesdølen nr. 34, 2022, side 10