Hopp til innhald

Talemålet i Valle og Hylestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2017 kl. 13:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Leiargruppa: språkpuss)

Talemålet i Valle og Hylestad er ei nettside - vallemal.no - som Valle Mållag eig og driv som eit dugnadsprosjekt. Formålet med sida er å presentere dialektord og uttrykk frå Valle og Hylestad.

SitatDu veit, det er kanskje eit av verdas mest særmerkte språklege område me ynskjer å bevare for framtidaSitat
– Sigurd Brokke

Leiargruppa

Sigurd Brokke er sentral i prosjektet.

Sigurd Brokke (f. 1971), Knut K. Homme (f. 1938) og Olav T. Åkre (f. 1941) utgjer leiargruppa pr. desember 2017. Svein Jore var med i leiargruppa fram til han døydde 9. desember 2006.

I tillegg har Bjørgulv Holen heile tida vore ein svært aktiv og dyktig medspelar i mest alle sider av prosjektet. Han har mellom anna konstruert det spesialutvikla dataprogrammet som blir brukt.

Talemålsgruppa

Knut K. Homme, Olav T. Åkre, Gunhild Espetveit (f. 1944), Jon Kjelleberg (f. 1945), Sissel Rygnestad (f. 1947), Anne B. Homme (f. 1949), Ingebjørg Helle Nesheim (f. 1953) og Sigurd Brokke.

Tidlegare medlemer: Torleiv T. Harstad (1918-2009), Tarald D. Homme (1922-2009), Kjetil Brottveit (1924-2009), Ånund G. Helle (1924-2010), Olav J. Rysstad (1927-2013), Ingebjørg Vegestog Homme (1930-2016), Olav J. Haugeland (1935-2007), Liv Helga Brokke (f. 1950), Svein Jore (1953-2006), Niklos K. Besteland (f. 1953), Eli Føreland (f. 1956) og Torbjørg Harstad (f. 1956).

Historie

Valle Mållag starta talemålsprosjektet sitt hausten 2002. Internettsida vallemal.no blei offisielt opna 13. oktober 2005. 17. mai 2011 fekk Valle Mållag Valle kommune sin kulturpris for innsatsen innan dialektarbeid.

Kjelder

Eksterne lenker