Kjetevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. juni 2020 kl. 16:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (OPpdatert geografien etter flytting av Hovlandsdalen til Evje og Hornnes)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kjetevatn Vegusdal 140816.jpg
Kjetevatn sett sørover mot Hovlandsdalen.

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes. Inn i Kjetevatn kjem ei lita elv frå Førevatn og Kvittjørn. Ut av vatnet og nedover dalsida til Hovlandsåna renn Tvøråna. Vatnet drenerer såleis til Uldalsvassdraget. Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og vidare nordover til Førevatn. Det ligg nokre fritidsbustader på austsida av vatnet.

Olje- og energidepartementet har gitt Vegusdal kraftverk AS løyve til å bygge Flateland kraftverk. Kjetevatn skal då vere magasin for kraftverket. Vatnet skal overførast til kraftverket via en ca. 2,5 kilometer lang tunnell. Det skal også byggast ein mindre demning ved utlaupsosen av vatnet, som gjer det mogeleg å heve vasstanden med ein meter.

Kjelder

Kart

Laster kart ...