Førevatn
Hopp til navigering
Hopp til søk

Førevatn sett mot nord-aust.
Foto: Geir Daasvatn
Førevatn er eit vatn på heia (414 moh.) i grensepunktet mellom Evje og Hornnes, Birkenes og Froland. Størstedelen av vatnet ligg over kommunegrensa til Froland. Om lag tre kilometer mot vest, på grensa mellom Evje og Hornnes og Froland, ligg Himmelsyna. Det går merka turløype rundt Førevatn, og merka løype til Himmelsyna.
På nordsida av Førevatn har det skjedd ei stor utbygging av fritidsbustader. Tilkomsten til desse er frå Risdal i Froland. Det går også skogsbilveg (bomveg) inn til sørenden av vatnet frå Skåre i Hovlandsdalen i Vegusdal. Ved denne enden av vatnet ligg det bare nokre få hytter.
Kjelder
Kart, Norge-serien, 10006 Evje, kartside 32G02