Tim Dåsnes: Skilnad mellom versjonar
Fjerner revisjon 28350 av Geir Daasvatn (diskusjon) |
Inkje endringssamandrag |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
*[[Olav O. Uleberg]], [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band I, 1990, s. 473 | *[[Olav O. Uleberg]], [[Kultursoge for Evje og Hornnes]], band I, 1990, s. 473 | ||
{{DEFAULTSORT:Dåsnes, | {{DEFAULTSORT:Dåsnes, Torgrim}} | ||
#OMDIRIGERING [[Torgrim Dåsnes]] | |||
[[Kategori:Dødsfall i 2007]] | [[Kategori:Dødsfall i 2007]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1920]] | [[Kategori:Fødsler i 1920]] | ||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
Versjonen frå 30. august 2014 kl. 09:32
Torgrim (Tim) Dåsnes, fødd 1920, død 2007 (87 år gamal), budde i Hornnes. Han var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune.
Dåsnes tok lærarprøva i 1950. Etter det var han lærar i Sørkedalen. I 1960 vart han tilsett som lærar på Evje skule. I 1961 blei han rektor (skulestyrar) på Evje skule og skuleinspektør i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haaverstad. Tittelen skuleinspektør blei seinare til skulesjef, og Torgrim Dåsnes vart sitjande i stillinga i meir enn 25 år, heilt fram til oppnådd pensjonsalder 31. desember 1987. Rektor på Evje barneskule var han fram til 1972.
Torgrim Dåsnes var ein stor ressurs i det lokalhistoriske arbeidet i Evje og Hornnes. Han var med i skriftstyret i Jol i Setesdal i ni år. Han var ei drivkraft i arbeidet med Arnstein, årsskriftet til Sogelaget i Evje og Hornnes. Alt lokalhistorisk stoff han hadde samla opp gjennom tida, let han sogelaget få overta då han døydde. Dåsnes var også svært aktiv i tida som pensjonist, mellom anna i Evje og Hornnes pensjonistforening og Evje og Hornnes mållag, i tillegg til arbeidet sitt med Arnstein og Jol i Setesdal.
Kjelder
- Rita Flottorp, Torgrim Dåsnes til minne, artikkel i Jol i Setesdal, 2008, s. 39
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 473
- OMDIRIGERING Torgrim Dåsnes