Ein av dei stillfarande: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke dato
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke Skumstein
 
Line 33: Line 33:




I 1921 gifte Aanund seg med Birgit Bjørnsdotter [[Kveste|Kvestad]] frå Valle. Eit par år etter kjøpte han eit lite gardsbruk — Skeidvollen i Valle. Seljaren var Ketil Skeidvollen som hadde reist til Amerika. Aanund sette opp nye uthus på bruket, men selde så det heile til broren [[Torjus Åkre|Torjus]] i 1933 og kjøpte Kvestad av verfaren. Denne garden tok verbroren att av han på ein av sønene sine i 1940, og Aanund kjøpte då garden Skumstein i [[Rike]] i [[Valle]] — og der bur han no.
I 1921 gifte Aanund seg med Birgit Bjørnsdotter [[Kveste|Kvestad]] frå Valle. Eit par år etter kjøpte han eit lite gardsbruk — Skeidvollen i Valle. Seljaren var Ketil Skeidvollen som hadde reist til Amerika. Aanund sette opp nye uthus på bruket, men selde så det heile til broren [[Torjus Åkre|Torjus]] i 1933 og kjøpte Kvestad av verfaren. Denne garden tok verbroren att av han på ein av sønene sine i 1940, og Aanund kjøpte då garden [[Skumstein (Rike)|Skumstein]] i [[Rike]] i [[Valle]] — og der bur han no.





Siste versjonen frå 7. januar 2024 kl. 12:25


Ein av dei stillfarande - Aanund B. Aakre har slutta som formann i Valle Sparebank

Av Tarald Nomeland 1962


Den som har hatt noke å gjere med Valle Sparebank, har vant seg til å rekne eit par menn som fast institusjon — for ikkje å seie inventar — i banken. Jamsider sat desse karane bak disken i den gamle ærverdige banken kvar einaste ekspedisjonsdag — og jamsider stod namna deira i kvar kontrabok og på alle viktige papir som banken sende ut. Den eine var kasserar, den andre var styreformann. Kasserarjobben fylgde ætta frå far til son —- men formannsjobben fylgde berre mannen — til mannen fall frå eller vart for gamal. Så vart det nyval — eit par gonger i mannsalderen.


Eg vart undren då eg vitja banken dei to siste gongene etter nyår: Det sat ein ny mann på formannsplassen. Første gongen akta eg mindre på det — eg tenkte formannen måtte ha vore borte i anna ærend og at varformannen laut møte i hans stad i banken. Men då den gamle formannen ikkje var på sin faste plass andre venda heller, skjøna eg det måtte ha hendt eitkvart i gamle Valle Sparebank — eitkvart som likna på revolusjon. Var verkeleg den gamle formannen kasta? Eg måtte spørje.


—Jau, den gamle formannen hadde slutta — og ein ny var komen i hans stad — men det var ikkje til å unngå — han var fallen for aldersgrensa.


Så — slik var løysinga. Det var tida, åra, alderen som hadde laga palassrevolusjon i den gamle banken. Ja-ja, elda vinn over alt og alle — endåtil over faste institusjonar.


Men styreformannen — Ånund B. Åkre — var han så gamal? Han var då mest like rak og spretten som den gongen han var sersjant og eg var rekrutt på Gimlemoen. Men tenk no etter — det er 40 år sia — og 40 år går ikkje framom utan å setje merke. Det hender ymist i ein så lang tidsbolk.


Det er altså tilfellet. Aanund Aakre nærmar seg 73 år — trass i den rake ryggen og den spretne gangen. men det er beintfram vondt å tru når ein ser mannen.


Aanund Bjugson Aakre vart fødd 24. oktober 1889. På farssida er han av ei gamal bondeætt i Valle, på morssida er han Byglending. Han har elles ætterøter både til Hylestad og Fyresdal. — Langgodmor hans var Inger Gjermundsdotter Rysstad, langgodfar hans var Gunnar Sigurdson Lie som i 1847 kjøpte gard på Birkeland i Bygland. Han var av same folket som diktaren Jon Lie.


Aanund vaks opp i ein god heim — saman med fem sysken. Foreldra var bra stilla økonomisk — og attåt var dei romsynte. Dei var sparsame og arbeidsame bondefolk, uvande både i mat og klede. Dei hadde det som huslyden trong til dagleg brød og var nøgde med det. Husbonden, han Bjug, var ein roleg og smålåten bonde som aldri stakk seg fram, heimen var hans kongerike. Det var noko fast og trygt ved han der han rugga dei dei gamle vegane. Men han var romsleg i syn og tenkjemåte, ein frilynd mann i den rette meining av ordet, ein som fylgde med i det som ovra seg i verda og ville gjerne at borna fekk god opplæring og utdaning — og likte at dei vart med i kulturelt og nasjonalt opplysingsarbeid.


Aanund gjekk på underoffisersskulen i Kristiansand i åra 1907-1910. I 1912 tok han eit kurs ved Treiders handelsskule i Olso. Då han reiste til Oslo, gjekk han på ski over heia frå Valle til Bandksli i Telemark — i sprengkulde — og tungt kledd. Etter eksamen ved handelsskulen vart han handelsgut i Iveland i fire år. I 1916 vart han fastlønt sersjant ved Agder infanteriregiment og slutta som handelsgut. I 1939 vart han fenrik og i 1935 løytnant. Ei tid var han tilsett som styrar av Valle Handelssamlag, men den posten måtte han seie frå seg for skuld teneste i militæret. Ein vinter — 1917 eller 1918 — var han lærar i Bykle.


I 1921 gifte Aanund seg med Birgit Bjørnsdotter Kvestad frå Valle. Eit par år etter kjøpte han eit lite gardsbruk — Skeidvollen i Valle. Seljaren var Ketil Skeidvollen som hadde reist til Amerika. Aanund sette opp nye uthus på bruket, men selde så det heile til broren Torjus i 1933 og kjøpte Kvestad av verfaren. Denne garden tok verbroren att av han på ein av sønene sine i 1940, og Aanund kjøpte då garden Skumstein i Rike i Valle — og der bur han no.


Aanund var heradskasserar i Valle i 6-7 år. Han var og ei tid med i Valle heradstyre. Politisk har han all si tid tilhøyrt Venstre.

Det er i Valle Handelssamlag og Valle Sparebank Aanund har hatt mest tillitstyrke. I handelssamlaget har han vore revisor i 36 år, og formann i styret for Valle Sparebank var han i omlag 20 år.


Aanund Aakre er ein roleg og stillfarande kar med eit sers godt folketekke. Han er grei i omgjenge, lett å samarbeide med, jamt i godlag. Han kjenner si avgrensing og strekkjer seg aldri lenger enn halsen rekk. Det er vanskeleg å nemne noko kleint ved han. Eg trur han har aldri ein einaste uven.


Kjelde

  • Tarald Nomeland Ein av dei stillfarande - Aanund B. Aakre har slutta som formann i Valle Sparebank, Fædrelandsvennen, 1962.