Sirdal: Skilnad mellom versjonar
Litt om økonomi/kraftkommune |
s →Eksterne lenker: SNL |
||
| Line 14: | Line 14: | ||
== Eksterne lenker == | == Eksterne lenker == | ||
*[https://no.wikipedia.org/wiki/Sirdal Artikkelen om Sirdal på Wikipedia (bokmål)] | *[https://no.wikipedia.org/wiki/Sirdal Artikkelen om Sirdal på Wikipedia (bokmål)] | ||
*[https://snl.no/Sirdal Artikkelen om Sirdal i Store Norske Leksikon] | |||
[[Kategori:Sirdal]] | [[Kategori:Sirdal]] | ||
[[Kategori:Vest-Agder]] | [[Kategori:Vest-Agder]] | ||
Versjonen frå 22. mars 2023 kl. 10:24


Sirdal er ein kommune i Agder, i tidlegare Vest-Agder, og i storleik den største kommunen i fylket. Flatemålet er 1 547 kvadratkilometer. Kommunen grensar i vest til Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Eigersund og Sandnes i Rogaland fylke, i nord til Bykle, i aust til Valle, Bygland og Kvinesdal og i sør til Flekkefjord. Kommunen hadde 1 836 innbyggarar pr. 1. januar 2017. Kommunesenteret er Tonstad. Sinnes i Øvre Sirdal er eit turistsenter.
Sirdal kommune er ein kraftkommune med god økonomi. 45 % av dei sysselsette i kommunen arbeider innan offentleg forvaltning. Sira-Kvina Kraftselskap og turisme representerar mange arbeidsplassar i kommunen. Mange populære turområde og hyttefelt blir mykje brukt av folk frå Rogaland,
Historie
Før 1838 gjekk grensa mellom Stavanger amt og Lister amt i elva Sira som deler Sirdal i to. Området på vestsida av Sira høyrde til Lund skipreide i Stavanger amt, medan austsida låg i Feda skipreide i Lister amt. Frå 1838 blei vestsida av Bakke sokn ført over til Lister amt. Soknet vart etter kvart delt i tre herad: Øvre Sirdal, Tonstad og Bakke. Kommunen Sirdal blei oppretta i 1848, da han vart skild ut frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 blei kommunen delt mellom Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Tonstad, Øvre Sirdal samt Haughom-grenda frå Bakke kommune slegne saman til Sirdal kommune. Kommunen blei i 1987 utvida med Espetveit og Viraksgrenda, som tidlegare høyrde til Flekkefjord kommune.