Kveste: Skilnad mellom versjonar
Utsjånad
s Kart |
s Orto |
||
| Line 8: | Line 8: | ||
== Særmerkte hagar == | == Særmerkte hagar == | ||
På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og | På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er 20-25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var [[Olav F. Kvestad]] (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.<ref>''Valle III'', side 240</ref> | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
Versjonen frå 1. april 2022 kl. 09:50

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Kveste er ein gard (gnr. 54) i Valle. Han ligg på austsida av Otra, nord for Sandnes og sør for Harstad, Tveiti og Brottveit. På andre sida av Otra ligg Bøgardane. Riksveg 9 går gjennom garden frå sør til nord.
Historie
Kveste skal ha blitt sjølvstendig gard i høgmellomalderen, for så å ha blitt lagt øyde etter Svartedauden.[1] Enno på 1500-talet skal han ha vore underbruk under andre gardar.[2]
Særmerkte hagar
På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og om lag mannshøge. Største tverrmål er 20-25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var Olav F. Kvestad (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.[3]
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 197
- ↑ Valle III, side 198
- ↑ Valle III, side 240