Hodnevegen: Skilnad mellom versjonar
s Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 16: | Line 16: | ||
[[Kategori:Turløyper i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Turløyper i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Nasjonal sykkelrute nr. 3]] | [[Kategori:Nasjonal sykkelrute nr. 3]] | ||
[[Kategori:Hornnes]] | |||
Versjonen frå 18. september 2021 kl. 07:55

Hodnevegen går frå Riksveg 9 ved Slettefet på Moisund, rundt Hodnekilen på vestsida og forbi Hodne sag, til gardsbruka på Vestre Hodne heilt sør i Hornnes. Her munnar vegen ut i Rv-9 igjen. Det går ein avstikkar frå vegen vidare vestover langs Lindåna til Lindåna kraftverk. Herfrå går det traktorveg oppover i terrenget til Skranevatn.
Vegen er stengd i den nordre enden med bom ved Slettefet, og i den søre enden med bom ved Hodne sag. Han er hytteveg for mange fritidsbustader i området rundt Hodnekilen. Delar av trasèen følger den gamle byvegen til Kristiansand. Bygdefolk har rydda langs vegen, og sett opp informasjonsskilt og skilt med namn på dei ulike vegstykka. Han er ein del av Nasjonal Sykkelrute nr. 3. Hodnevegen er såleis ei fin turløype til fots eller på sykkel.
Kjelder
- Kommunekart.com
- Vedtak i Evje og Hornnes kommunestyre om offisielle vegnamn i Evje og Hornnes kommune, del 2, dagsett 3. september 2015 (sak PS 64/15)
- Geir Daasvatn, etter fleire turar langs vegen, dokumentert med bilete