Skranevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Haust ved Skranevatn. Foto: Geir Daasvatn

Skranevatn er eit lite vatn på heia sør-aust i Hornnes i Evje og Hornnes kommune, rett sør for Vårehei. Vatnet ligg 333 m.o.h. og har eit flateinnhald på 0,0921 km².

Det går skogsbilveg (bomveg) frå garden Haugland sørover til Skranevatn. Det går òg vegar (bomvegar) frå gardane Vestre Hodne og Moi vestover til Lindåna kraftverk, og vidare opp til Skranevatn. Det siste stykket frå kraftverket opp til vatnet er svært bratt, og også stengd med bom.

Rundt Skranevatn og vest for vatnet er det eindel fritidsbustader. Området er regulert i Reguleringsplan for Skranevatn (planidentitet 197202), dagsett 24. februar 1972.

Kart[rediger]

Laster kart...